Velkomen til juletrehandel på torget

Snart er det jul og tid for juletre!!
Det vert sal av juletre på torget i Øvre frå fredag 8 des. til 22 des.
På Tangen vert det salg av juletre fredag 8 des – søndag 10 des, fredag 15 des -fredag 22 des.
Er det ønskjeleg så kan de bestilla juletre heim. ( gjeld Årdal) eller henta tre på Asperheim når det måtte passa.
Bestill i tide på post@asperheim-gard.no , eller sms til 97590294
Utkøyring vert på onsdag kveld 20.des.

img_9694

Fjelledelgran
Dette er ei slank, smal og kjegleforma edelgran med mange mellomgreiner. Ho dufter aromatisk, frisk og syrleg granlukt, og held godt på nålene sjølv etter fleire veker i stova.

Fjelledelgrana har mange fargevariantar frå grønt, blågrønt til blått. Grana kjem opprinneleg frå det nordvestlege Amerika, der ho vekst naturleg over store områder. Nå blir ho dyrka som juletre på Vestlandet, og her på Asperheim satsar me mest på dette treet som juletre. Fjelledlegrana er rekna som ein norsk spesialitet.